Blomsterenger

  

1991 april: starta i Langedal. Dugnad med studentar
1992: Støtte frå Fylkesmannen i Telemark til slåmaskin.
Denne vart etter kvart gitt til Bø kommune og vart utsliten.
1998 april: Starta skjøtsel i Sudløyningen. Gapahuk vart bygd saman med Jon Saglien og Gudrun Haugerud
2013 januar: Fylkesmannen i Telemark ved Silsand angåande støtte/søknad. Ny start i Langedal. Slåmaskin.
2014 april: Ramberg ringde: slutt prosjekt  Langedal.
2014 april: Ny start i Sudløyningen. Med løyve frå grunneigar Jarle Østerli
2015-16. Reiskap frå Langedal til Sudløyningen.

Historie. Husmannsplass under Tveitan 1790, vart seinare arvefesta under Kleiva, Øvre Bø.
Fråflytt 1903. Siste grasavling i 1930, 13 lass vart kjørt til Evju i Øvre Bø. Grunneigar Jarle Østerli har gitt løyve til skjøtsel av plassen.

Slåtteeng av villblomar, med kantsamfunn og mangfald av plantar og insekt er ein truga naturtype og utgjer kultur-minne om ein over 1000 år gamal bruksmåte.
Raudlista Stor salamander (Triturus cristatus) er funnen i dammen.
Skjøtsel
av blomsterengene på husmannsplassar i Uvdal, Bø er eitt av eit titall prosjekt som vert støtta av midlar frå Fylkesmannnen i Telemark.
For pengane har vi kjøpt Agria 2-hjula slåmaskin. Gras, grein og kvist og einstape skal vekk for å hindra at ugras og busker overtar for blomster-engene.

Det trengst hjelpande hender.
Kva: Slå, raka, bera vekk gras. Leggja i kompost.
Kvar: Husmannsplassen Sud Løyningen i Uvdal.

Korleis koma dit: Følg Lundevegen til skilt mot Tveiten, forbi Uvdal gård, set «sykkelen» ved tømmervelta på Tveiten Nedre; følg Sandstulvegen (bomstengt) mot NV, ca 2 km, ta sti til høgre etter bru over bekken, ca 300 m til gapahuken på SudLøyningen (bilete).

Kor tid: NÅR-SOM-HELST! DU BESTEMMER.

Utstyr og Servering:
Det finst kaffi-kjelar, kaffi på Norgesglas, tørkerull, dopapir, tørr ved i møkakjellaren.

River og høygaflar er til låns (i stabburet). Presenning med nylontau er «slede».
Snu «skorstein» nedover etter fyring, så vatn ikkje renn inn i ovnen.

Spørsmål: ring 975 64 529 Odd Vevle.