- This event has passed.
Botanikk og ville blomar på Island sommaren 2018
5. March 2019 - 18:00 - 20:00
Me inviterer til møte med David Mundal som vil orientere om Islands flora og vise bilde frå ein botanisk ekskursjon til Island sommaren 2018 i lag med over 30 andre botanikarar.
Dette møtet markerer at Kjellaug og Torbjørn takkar for seg og overlet oppgava med å arrangere botaniske møte på Landbrukets hus til David Mundal og Jorun Simones. Begge er erfarne botanikarar med relevant utdanning og begge er med i styret til Telemark botaniske forening. Med andre ord, ei solid styrking av leiinga for desse møta.
Me ynskjer alle velkomen!
Kaffipengar kr. 20,-